Øystein Hauge

Informasjonen om registrerte krigsseilere er ikke nødvendigvis fullstendig. Eksempelvis vil mønstringer og utmerkelser for enkelte sjøfolk bli registrert senere, ettersom nye kilder blir gjennomgått.

Født

3. juli 1917

Død

13. november 1991

Foreldre

D.M. og Maria Hauge

Kjønn

Mann

Nasjonalitet

Norge flaggNorge

Fødested

Bremanger

Bosted

Bremanger

Relasjon til fylke

Hordaland/Bergen

Flåtetilhørighet

Har stillinger

Annet

  • Deltok i 2. verdenskrig
  • Ex gratia-arkivet:

    Registernummer under krigen: London 8601, NY 22864, 91462.

    Flyktning fra Bremanger med fiskeskøyte Stanley. Ankom London 6.10 1941

    "Overlevde to torpederingar". Firdaposten 2. februar 2008. Av Malvin Toft:

     "Øistein var lettmatros om bord i «South Africa» den gongen, han hadde stått om bord berre to-tre månader då det small. Saman med ein heil flokk andre ungdomar hadde han rømt landet med M/K «Stanley» hausten 1941 for å melde seg til krigsinnsats [...].

    I mars 1943 var «Tamesis» på uavhengig reise frå Vest-Afrika til New York, og den 7. fekk han ein austgåande alliert konvoi i sikte. Kva som verkeleg skjedde er litt vanskeleg å finne svar på, for medan det norske skipet manøvrerte for å unngå kollisjon, rende det amerikanske D/S «Alcoa Guard» rett inn i sida av «Tamesis» for full fart. Då dei to skipa dreiv frå kvarandre, sokk nordmannen på få minutt, men heldigvis var alle mann i live. Dei vart etter kort tid tekne om bord i eit anna amerikansk skip, der dei etter nokre dagar sat som tilskodarar til den rasande kampen mellom konvoieskorten og tyske ubåtar. Øistein hadde overlevd sitt andre krigsforlis.

    Han heldt fram med krigsseglasen like to the bitter end. Ei tid var han om bord i Liberty-skipet D/S «Roald Amundsen» (Nortraship 10 520 tonn), så D/S «Audun», (J. & B Marcussen, 2050 tonn), deretter M/T «Salamis» (I.M. Skaugen, 12 570 tonn), og då fredsklokkene ringde 8. mai 1945, var han midt i Atlanteren om bord på Westfal-Larsen sin D/S «Heranger» på 8380 t.dw. Heile tre gonger vart han sjukeavmønstra i denne tida, etter det ein forstår så skuldast dette plager med magen. Men krigen gjekk vidare, handelsflåten skreik etter folk, så etter nokre veker/månader i land så var det berre å gå på att med krum hals.

    Øistein Hauge Vart verande i utanriksflåten like til i mars 1946 då han mønstra av M/T «Ora» (O.B. Sørensen, 14 985 tonn), og reiste heim til gamlelandet som han hadde rømt frå fem år tidlegare".

     

    Kilder

    RA/S-3545/G/Gg

    Privat arkiv avgitt til Stiftelsen Arkivet

    "Overlevde to torpederingar". Firdaposten 2. februar 2008. Av Malvin Toft.

    RA/S-3545/G/Gg