Anton Misje

Informasjonen om registrerte krigsseilere er ikke nødvendigvis fullstendig. Eksempelvis vil mønstringer og utmerkelser for enkelte sjøfolk bli registrert senere, ettersom nye kilder blir gjennomgått.

Født

14. februar 1911

Død

18. november 1942Årsak: Krigsforlis

Foreldre

Mikkel M. Misje og Gjertina f. Nilsen

Kjønn

Mann

Nasjonalitet

Norge flaggNorge

Fødested

Herdla

Bosted

Fjell

Relasjon til fylke

Hordaland/Bergen

Flåtetilhørighet

Tilknyttet mønstringsdistrikt

Har stillinger

Dekksmann

Har seilt for rederi

Kjente utdannelser

Kystskipperskole

Annet

  • Deltok i 2. verdenskrig
  • Våre falne:

    Kystskipper og fisker, Herdla. Født 14. februar 1911 i Herdla, s. av Mikkel M. Misje, f. 1872, og Gjertina f. Nilsen, f. 1877, begge i Herdla. Kystskippereksamen. Dro til England i en liten fiskerskøyte"DIAMANT" i november 1941. Var en tid i treningsleir i Skottland, og tjenestegjorde deretter som dekksmann på korvetten Montbretia. Omkom 18. november 1942 da den ble torpedert i Atlanteren.

    Minne frå krigsåra, 1940-45. Intervju med misjefolk, s. 59:

    "Anton og Malvin reiste over til Shetland laurdag 1. november 1941 med Diamanten. Anton var då 30 år. Malvin var eit par år yngre enn broren. Det var Anton som var skipper på overfarten. Han hadde god erfaring med å føra båtar. Anton hadde vore i Tyskland med sild tidlegare. Han var ein stø og påliteleg kar.

    Alle som for over med Diamanten 1. november 1941 ville i marinen. Dei fleste tenestegjorde i Kompani Linge først, deretter gjekk dei over i marinen. Slik var det og for Anton og Malvin.

    Då dei var ferdige med opplæringa, skulle dei tenestegjera på eskortefartøy. Då viste det seg at båe brørne skulle om bord på same båten. Dei tykte det var litt vågalt, og bad om å få koma om bord på kvar sin båt. Det fekk dei. Malvin gjekk om bord i Narvik. Båten opererte i området Skottland/Færøyane/Shetland –

    Irland. Han var også eit par turar til Gibraltar. Ein gong var dei i Nordnorge og henta folk som måtte koma seg ut i ein fart. Elles slepte dei MTB-båtar som skulle på raid i Noreg, inn under norskekysten. Dette pga. at det var så små tankar om bord i MTB-ane. 

    Anton gjekk om bord i korvetten Montbretia. Den tilhøyrde eskortegruppa B – 6. Den 18. november 1942 vart korvetten treft av to torpedoar. Ein på kvar side. Av dei 70 som var om bord omkom 47. Ein av dei var Anton".

    Kilder

    Våre falne

    "Minne frå krigsåra, 1940-45. Intervju med misjefolk". Marta Lillian Ekerhovd. 1997.

    Norges Handels og Sjøfartstidende, 25. juni 1946