Malvin Bertin Andersen

Informasjonen om registrerte krigsseilere er ikke nødvendigvis fullstendig. Eksempelvis vil mønstringer og utmerkelser for enkelte sjøfolk bli registrert senere, ettersom nye kilder blir gjennomgått.

Født

15. juli 1921

Foreldre

Anders & Amanda Andersen

Kjønn

Mann

Nasjonalitet

Norge flaggNorge

Fødested

Torsvik

Bosted

Torsteinsvik, pr. Bergen

Relasjon til fylke

Hordaland/Bergen

Tilknyttet mønstringsdistrikt

Har stillinger

Matros / SkytterU.D.M. (Utskrevet dekksmann - marinen)

Sjøforklaring 1940 - 1945

  • Ex gratia-arkivet:

    Registernummer under krigen: London 38402, NY 23438.

    Til den Kongelige norske marine 19. mai 1942, Utskrevet dekksmann (skytter, S.S.H.)

    Nortrashipflåtens Skyttere 1941 til 1946:

    Skytter nr. 764: Andersen, Malvin Bertin. Født 15.7.1921 i Torsvik, Grimstad.

    Antatt i marinen  og ble utdannet til skytter i Dumbarton, Scotland.

    Senere gjorde han tjeneste som skytter på følgende norske handelsskip:
    M/T NORSKTANK fra 25.06.1942 til 26.5.1943.
    M/S TERCERO fra 17.6.1943 til 5.9.1944.
    M/T PAN ARUBA fra 26.9.1944 til 27.11.1944.
    M/T FENRIS fra 21.2.1945 til 17.10.1945.

    For sin innsats for Norge under den annen verdenskrig ble han ble tildelt Krigsmedaljen, Deltakermedaljen og Haakon den VII`s 70 års medalje.

    "Attende til Normandie - 60 år etter D-dagen", 2004, s. 10:

    "Sjølv var Malvin Torsvik eit godt stykke unna strendene nordvest i Frankrike.
    - Eg var i den norske handelsflåten. Det var vi som gjorde forsyningane mogeleg. Winston Churchill sa mange gonger at utan oss ville dei allierte aldri kunne ha teke opp kampen med nazistane. Det var gode ord på vegen når torpedoane sprang i sjøen kring oss, og vi aldri visste kor den neste ubåten var. Då invasjonen starta, var eg på veg frå New York til Hull i England. På eit skip fullt med 2.500 tonn høgeksplosiv TNT. Hadde tyskarane fått inn ein torpedo på oss under den turen, kan eg garantera at eg ikkje hadde vore her i dag. Men heldigvis gjekk det bra. Også den gongen. [...]

    6. oktober 1941 stakk unge Torsvik til Shetland, saman med seks skulekameratar og fire andre unge menn. - Eg var med på eit veganlegg inne i Ulvik og vart etter kvart ganske så forbanna på tyskarane. Det enda med at eg tok meg attende til Øygarden. Der dukka det opp eit brev som var stempla med Josef Terboven sitt namn. Eg las brevet og brende det. Utan at nokon andre fekk vita om det. Men det var eit klart signal til meg om å dra vidare ut i verda. Vi tok fiskeføringsbåten «Skjergard», og 22 timar seinare var vi på Shetland. Sidan kom vi til Skottland og til slutt London. Der var vi på vanleg vis internerte og utskrivne til teneste. Sjølv hamna eg som messegut på eit skip, og berre seks dagar etter at eg hadde mønstra på, vart vi torpedert midtskips, like utanfor England. Eg var heldig som var akter. To andre var ikkje like heldige.

    Året etter hamna eg i Marinen, og fekk kurs i bruk av våpen i Dumbarton. Kunnskap som eg seinare nytta om bord på tankbåtar i teneste for dei allierte styrkane, fortel ein veldig sprek 82-åring. Så kjem han då også frå ein familie med ti søsken, der alle lever den dag i dag. 
    - Vi er spreidd over heile landet. Eg er den nest eldste i flokken. I juli skal eg heim til Torsvik for å feira den yngste broren min, Ingolf sin 70-årsdag, fortel krigsveteranen som midt på 50-talet flytta til Sørlandet. Nærare bestemt Grimstad".

    Privat arkiv:

    Mottaker av blant annet torpedo-nål ("once") og medalje fra Camp Norway Foundation.

    Sjøforsvarets londonarkiv:

    Antatt i Marinen 19.05.1942. Nummer: 764.

    Dimittert fra Marinen: 07.12.1945.

    Kilder

    RA/S-3545/G/Gg

    Nortrashipflåtens skyttere 1941 til 1946

    "Attende til Normandie - 60 år etter D-dagen", av Vidar Alfarnes. Avisartikkel i Vestnytt, 12. juni 2004

    Privat arkiv avgitt til Stiftelsen Arkivet

    Sjøforsvarets londonarkiv ved Marinemuseet i Horten: P.2. kort 41-42.