Arne Tafjord

Informasjonen om registrerte krigsseilere er ikke nødvendigvis fullstendig. Eksempelvis vil mønstringer og utmerkelser for enkelte sjøfolk bli registrert senere, ettersom nye kilder blir gjennomgått.

Født

21. november 1919

Død

19. september 2013

Foreldre

Gunnar Tafjord

Kjønn

Mann

Nasjonalitet

Norge flaggNorge

Fødested

Borgund

Bosted

Urkevik pr. Ålesund

Relasjon til fylke

Møre og Romsdal

Sjøforklaring 1940 - 1945

Annet

  • Deltok i 2. verdenskrig
  • Ex gratia-arkivet:

    Registernummer under krigen: London 26819, NY 12337

    Privat arkiv (minneord):

    "Arne Tafjord var fødd på Sula 21.11.1919 som nr. 4 av dei 7 borna til Lina Marie og Gunnar Tafjord som vaks opp. Foreldra leigde seg hus fleire stader på Sula til dei kjøpte ein skogsteig i Holen. Der bygde dei sin heim, rydda skogen og dyrka opp den jordteigen som heiter «Gunnjagarden» på folkemunne. Mora jordemor-Lina hadde ein sentral plass i bygda. Det var hennar varme hender som yngste oss velkomen inn i verda.

    Utdanning utover folkeskulen var det ikkje rom for, og som vanleg var for hans generasjon, vart eit yrke på sjøen levebrødet. Fyrst på fiske og fangst. 27.mai 1938 mønstra han på som fangstmann om bord på ishavsskuta »Hisø» 18 år gamal.

    Då krigen kom til Norge 9.4.1940 var Arne om bord på ishavsskuta «Pels» i Vesterisen. Selfangstskutene gjekk etter samråd til Tromsø. Etter at «Pels» hadde lossa fangsten, hadde Arne ein kort periode som rekrutt i ei marineavdeling. Avdelinga vart lagd ned då Norge kapitulerte 7.juni. I staden for å reise heim, tok Arne hyre som lempar om bord på hurtigruteskipet «Ariadne» som låg klar for avgang til Lerwick, Shetland. Ms «Ariadne» gjekk frå Tromsø tideleg på morgonen den 8.juni. Kl. 2230 den 9. juni gjekk «Ariadne» side om side med «Prins Olav» då tyske bombefly gjekk til åtak og senka båe skipa pos. 67 55N 02 10E. For å berge livet, måtte Arne måtte hoppe i sjøen frå det brennande skipet. Dei overlevande vart plukka opp av den britiske jagaren HMS «Arrow» og seinare landsett i Scapa Flow på Orkeøyane.

    Den 20.7.40. mønstra han i Newcastle på DS «Siak» som byssegut. Dette var startskotet for fem års krigsteneste om bord på norske handelsskip og 41 turar over Nord Atlanteren.. På linjeskipet «Samuel Bakke» var han påmønstra i 3år og opplevde dramatiske åtak frå tyske fly og ubåtar i dei illgjetne konvoiane OB 290 og ON 202 der mange skip og sjøfolk gjekk tapt.

    Den 24.10.45 mønstra Arne av M.s. «Vinland» i Bergen og tok hurtigruta til Ålesund der han vart henta med båt av Lasse Dybvik, mor, far og sysken. Då han henta reisegodset sitt i dampskipsekspedisjonen helsa lagermannen han med desse orda: «Ja, no kjem du heim no når vi har jaga tyskarane. Berre kom deg ut att til sjøs!» Denne «velkomsten» brende seg i hugen til Arne og plaga han til hans siste dag. [...] I 1953 slutta han sjøen og stara han ein trevarefabrikk saman med ein bror og ein svoger".

    Kilder

    RA/S-3545/G/Gg

    Privat arkiv avgitt til Arkivet freds- og menneskerettighetssenter