Magnus Sandvik

Informasjonen om registrerte krigsseilere er ikke nødvendigvis fullstendig. Eksempelvis vil mønstringer og utmerkelser for enkelte sjøfolk bli registrert senere, ettersom nye kilder blir gjennomgått.

Født

3. september 1916

Død

17. mai 1995

Foreldre

Johannes

Kjønn

Mann

Nasjonalitet

Norge flaggNorge

Fødested

Samnanger

Relasjon til fylke

Hordaland/Bergen

Sjøforklaring 1940 - 1945

Annet

  • Deltok i 2. verdenskrig
  • Matrosens andre forlis, BT, 2015 (kilder: Os og Fusa-posten, Samningen):

    "Som 28-åring var han mannskap på rutebåten «Fusa» som kom under massive åtak frå allierte fly i Korsfjorden fire månader før verdskrigen var slutt. Det var faren Johannes, som også segla på «Fusa», som hadde skaffa Magnus jobb på rutebåten.

    — Det var blikkande stilt på Korsfjorden. Kaptein Strønen hadde ikkje rekna med at nokon ville gjera oss noko, ein uskuldig rutebåt, fortalde Magnus Sandvik seinare til lokalavisa. [...]

    Matros Sandvik blei såra i skulder og rygg då han prøvde å skjula seg blant halmbuntar og annan last på dekk, men kom frå forliset med livet i behald. Straks etter krigen var han mannskap på andre lokalbåtar, før han i 1949 var tilbake i Midthordlandske Dampskipsselskap.

    Frå 1961 til 1979 segla han for HSD, i hovudsak som kaptein på ferja mellom Os og Fusa. [...]

    Endå større dramatikk enn med DS «Fusa» opplevde Magnus Sandvik med Westfal-Larsen-skipet «Hosanger» utanfor Orknøyane 27. januar 1940. Seint på kvelden blei lasteskipet torpedert av ein tysk ubåt. Store deler av dampskipet eksploderte.

    Dekksgut Sandvik hoppa på sjøen og greidde å nå ein flåte saman med tre andre mannskap. Først etter 15 timar blei han oppdaga og plukka opp av ein britisk destroyer. Kollegaene hans på flåten hadde frose i hel, og Sandvik var den einaste av i alt 17 mannskap som så vidt var i live. [...]

    Etter opphald på eit sjukehus på Orknøyane kom 23-åringen gradvis til hektene att og var tilbake som sjømann året etter - på DS «Fusa»."

    Sjøforklaring, Hosanger:

    Sandvik er vitne i sjøforklaringen.

    Kilder

    "Matrosens andre forlis", av Ove A. Olderkjør, Bergens Tidende, 8. januar 2015: https://www.bt.no/nyheter/lokalt/i/GBB4Q/Matrosens-andre-forlis

    "Verda inn over dørstokken. Krigsminne frå Fusa", av Ella Marie Brekke Vangsnes, 1995, s. 114-118: https://www.nb.no/items/0341c93c843da8f13fee3bac6b21d180?page=115&searchText=ds%20hosanger%20sj%C3%B8forklaring

    RA, Justisdepartementet, Politikontoret P, O/Ob/L0296: Sjøforklaringer, journalnr. 1476-6457/1940, 1940, s. 423-431.

    Privat arkiv avgitt til Arkivet freds- og menneskerettighetssenter