Fredrik Vilhelm Velsvik

Informasjonen om registrerte krigsseilere er ikke nødvendigvis fullstendig. Eksempelvis vil mønstringer og utmerkelser for enkelte sjøfolk bli registrert senere, ettersom nye kilder blir gjennomgått.

Født

27. september 1903

Død

20. juni 1974

Foreldre

Peder og Cesilie Velsvik

Kjønn

Mann

Nasjonalitet

Norge flaggNorge

Fødested

Ørsta

Bosted

Velsvik, Volda

Relasjon til fylke

Møre og RomsdalOslo

Annet

  • Deltok i 2. verdenskrig
  • Ex gratia-arkivet:

    Registernummer under krigen: London 47872, NY 5531.

    I den norske marine fra 26. januar 1941 til 11. juni 1945. Dimittert sistnevnte dato.

    "Minne frå Dalsfjord", s. 48:

    "Fredrik Vilhelm Velsvik, f. 27.09.1903 - d. 20.06.1974. Frå Ottagarden, Velsvik.

    Han gjorde førstegongstjeneste ved Møre infanteriregiment, Setnesmoen ca. 1923. Han var sjømann, m.a. på selfangst. Var ombord i «Havmøy» som fyrbøtar frå februar 1940 til 16 .07.1940. Mønstra på «Oslofjord» (Amerikalinja) som smørar i perioda 19.10 til 01.[12]. 1940, då denne vart minesprengd utanfor munningen av Tyne. Ei magnetisk mine gav store lekkasjar. Båten vart berga og sett på grunn men kom ikkje meir i teneste.
    Kom inn i den norske marine (England) frå 26.01.1941, mønstra på «Draug», bygd ved Marinens Hovedverft, Horten - 578 tonn. Ombygd i England, gjorde teneste som eskortefartøy på austkysten av England til den vart utrangert i 1943.

    Var så ombord i «Heimdal», frå 05.02.1943 til 06.02.1943. Deretter på «Thorodd», frå 06.02.1943 til 18.10.1943. Denne gjorde teneste som minesveipar i områda ved Aberdeen og Dundee. Seinare i 1943 kom Fredrik Velsvik om bord i jagaren «Stord» med Skule Storheil som sjef. Dette var eit nytt og moderne marinefarty. Som eskorteskip for Murmansk-konvoien tok dei del i senkinga av det tyske slagskipet «Scharnhorst» der om lag 1800 tyske sjøfolk omkom. Berre 36 overlevde. Fredrik Velsvik var kanoner (kvartermester av fyrste grad) ved eit batteri. Han vart høyrselskadd og lækjardimittert 01.03.1944 med 30% invaliditet. Etter krigen var han ei tid om bord i Kongeskipet. Han arbeidde som kurer og vaktmeister i Marinens Overkommando i Oslo. Han gifte seg og vart buande i Oslo".

    Kilder

    RA/S-3545/G/Gg

    Privat arkiv avgitt til Stiftelsen Arkivet

    "Minne frå Dalsfjord” 5. Årgang. Utgitt av Dalsfjord Sogelag 2007